Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Skoleturar kan halde fram

Tale/artikkel, publisert 13.02.2008
Av: Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Den siste tida har det komme rapportar om at skular har avlyst skoleturar. Utdanningsdirektoratet sende i november i fjor eit brev til alle fylkeskommunane der det vart presisert at elevar eller deira føresette ikkje kan bli pålagde å dekkje kostnader som gjeld skuleturar. Mange oppfatta dette slik at alle former for pengar frå elevane til skuleturar no var ulovleg.

SolhjellDen offentlege grunn- og vidaregåande opplæringa skal vere gratis for elevane. Dette er lovfesta i opplæringslova § 2-15 og § 3-1. Begge desse reglane har vore endra sidan opplæringslova vart vedteken i 1998. Gratisprinsippet har blitt presisert til å omfatte leirskule for grunnskuleelevar og er utvida til å omfatte læremiddel og digitalt utstyr i vidaregåande opplæring.

At noko skular no har sett seg nøydde til å avlyse skoleturar, gjer det viktig å understreke at frivillig betaling og andre pengetilskott til skuleturar som kjem alle elevane til gode, har vore, og er framleis lovlege. Det er framleis høve til å samle inn pengar til ei klassekasse gjennom dugnad, kakelotteri og kronerulling. Ein kan òg samle inn pengar frå elevane så lenge dei ikkje blir pålagde å betale, men det er viktig at alle får vere med på den aktuelle turen uavhengig av betaling. Ved innsamlinga må ein syte for anonymitet så langt det er praktisk mogleg for å unngå unødig press til betaling.

Ein skuletur kan være ein verdifull del av opplæringa. Derfor må alle elevane få høve til å delta, uavhengig av den økonomiske situasjonen til dei føresette. Skuleleiarar, lærarar, foreldre og elevar har i dag eit stort spelerom til å organisere og ta frivillige initiativ som kan gjere det mogleg å få til skuleturar som medverkar til auka motivasjon og læring. Eg vonar skulane veit å nytte dette spelerommet slik at ingen skuletur treng å bli avlyst.