Forsiden - Biblioteket - Draumen om fred



Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Draumen om fred

Eksamens oppgave våren 2003 av Elisabeth Hovland

Inngang BirkenauStillheta og redselen i vogna var til å ta og føle på. Som ein flokk pingvinar stod vi der og vakla tett mot kvarandre. Fram og tilbake, frå side til side. Lufta var tørr og livlaus, og behovet for væske var stort. Eg kunne ha gjort nesten kva som helst for eit glas vatn og ein munnfull av mor sine heimelaga komler. Det var berre kvinner og barn i vogna. Nokon sov, nokon grein, og nokon hadde ramla ned på det harde og kalde jerngolvet av rein utmatting.

Eg kunne ikkje forstå kva gale eg hadde gjort for å vere verdig å måtte lide så sterkt. Eg må ha sett ut som eit spøkelse der eg stod. Munnen open, augo vid opne, ikkje var eg søvnig, ikkje var eg vaken. Det var som om eg ikkje var til stades, som om eg var i ei anna verd. Eg trur eg fall i transe der eg stod. Eg drøymde i alle fall. Drøymde om fred og harmoni i verda. Drøymde at toget snudde, og køyrde mot kjende landskap att. Drøymde at krigen tok slutt, og at eg fekk sjå sonen og dottera mi att. Då eg forstod at det berre hadde vore ein draum, brast eg saman i gråt. Ingen brydde seg, alle hadde nok med seg sjølv.

Toget tok brått ein skarp sving. Dei som låg og sov på golvet, reiste seg hurtig opp. Kvar var vi på veg? Eg forstod at vi måtte vere i Polen ein stad. Skilta eg så vidt kunne skimte gjennom gitteret på vindauget, hadde slike merkelige bokstavar. Det var då eg forstod det. Eg hadde blitt fortalt om det før. Desse fryktelege fangeleirane i Polen. Kunne det vere sant, tru? Ryktet fortalde om hardt arbeid og lite mat, og verst av alt, umenneskelege forhold med dårleg hygiene. Eg slo til slutt frå meg denne tanken. Det var jo barn også med i vogna?

Time etter time sneik seg forbi. Sjølv om det ikkje var nokon klokke i vogna, følte eg til tross for det at eg kunne høyre ei klokke tikke stille ein plass langt vekke. Tikk takk, tikk takk….. Eg hadde mista alle begreip om tid, eg ante ikkje lenger kva dag det var, og kor lenge vi hadde vore innesperra her. Tida hadde stoppa, eg hadde stoppa. Eg var utmatta av svolt, redsle og hat. Det var hatet som skremde meg mest. Aldri før hadde eg vore so redd for framtida og verda eg lever i som no. Det var ei sjuk verd! Ei verd lidande av egoisme og hat til medmenneska.

I horisonten kunne eg skimte ei sol, på veg ned i det djupe og ukjende havet. Ho var raud som blod, og stod som eit teikn på håp og lysare tider. Det var blitt kveld att, og eg makta snart ikkje lenger å stå oppreist. Eg hadde sterk lyst til å sige i hop på golvet, men der var det ikkje plass. Behova og ønskja mine var no blitt betraktelig færre og mindre. Ein dråpe kaldt vatn på tunga, og ei hand å halde i, var det einaste eg ønskte meg no.

Toget byrja brått å sakne farten. Det kvein i bremser, og skrapa i gamle, rustne togskinner. Eg såg ut det vesle vindauget på sida. Det var skumring ute, men eg skimta nokre skikkelsar langt borte. Dei var skrale og små. Overalt såg det ut til å vere gjerder med piggtråd. Eg vart med det same svært uroleg og redd. Toget stansa med eit dunk, og dørene opna seg. Menneska i vogna pressa seg ut. Eg stod såpass langt bak at eg venta til mesteparten av kvinnene og barna var gått ut. Hyl og skrik prega no det som før var stillhet. Innimellom kunne eg høyre mannstemmer som høgt ropte ”Achtung”. Ikkje forstod eg kva det betydde, men ordet høyrdes ikkje positivt ut. Endeleg var det min tur.

Rose ved togskinnene i RavensbruckDet var så vidt eg greidde å gå, men då eg omsider klarte å kave meg fram til døra, vart eg dradd ut av nokon på utsida. Mannen var høg og mørk, ikledd ein mørk grøn uniform og svarte lêrsko. Han peika mot dei andre i vogna, og eg forstod det slik at eg skulle bort dit. Derifrå vart vi sendt inn i eit hus som låg under bakken. Over døra stod eit skilt, og eg forstod det slik at skulle få vaske oss, og kanskje få i oss ein matbit. Vi vart avkledd, noko eg fann svært nedverdigande. Kvinnene som kledde av oss, var store og sterke. Det var då eg oppdaga det. Ei av kvinnene i uniform grein. Eg kunne ikkje forstå kvifor.

Då alle var avkledd, og alle hadde fått kvart sitt såpestykke, byrja kvinnene med uniform å hyle. Eg skalv i heile kroppen, idet mengda av nakne, svoltne og utmatta menneske byrja å bevege seg mot døra i andre enden av rommet. Det var kaldt og klamt her nede. Nokre greidde så vidt å gå av utmatting. Omsider var alle komen inn i rommet der det hang dusjhovud i taket. Med eit smell gjekk døra att, og ein smekk høyrdes då den store bolten gjekk på plass. Vi var no innelåst, og panikken byrja å spreie seg. Eg tok det ganske med ro, det skulle verte himmelsk å få vatn på kroppen no etter den lange turen.

Eg stod og pønska ut ein plan for korleis eg skulle greie å drikke av vatnet, i det panikken igjen spreidde seg i rommet. Eg forstod ikkje kva som gjekk føre seg, før eg løfta blikket og såg at det kom noko ut frå dusjhovuda i taket. Det svei og vrengde seg i nasa mi, i det eg byrja å lukte gassen. Nokon falt om på steingolvet, andre klatra oppetter veggen. Eg berre drøymde om fred og harmoni på denne jord, i det livets timeglas rann ut.