Kontakt oss

Aktive Fredsreiser
Fredshuset,
Kranvn 4B,
4950 Risør

tlf 371 53 900
mob 95 23 81 99

Send epost til oss



Den nakne Jannuska

Av Even Tråen

Dei vart kledd nakne av nazistane jentene i Ravensbruck før dei vat skotne bakfrå. Dei skyr aldri noko despotane for å audmjuke.
Jentene vart truga inn ein smal korridor utan utgang, dei visste vel at dei vart skotne.

To personar - den eine naken på veg inn i døden, den andre med makt til å bestemma når døden skulle koma.
To personar den eine utan vilje, den andre med.

Ho - kva tankar rasa- Kva kjensler pressa seg framm? Har du vore redd nokon gong - veit vi kva redsle er?

Januska hadde aldri lika kroppen sin, han var for smal ovantil, og ho syntes støtt at baken var for brei. Heime hadde ho alltid passa på at ingen skulle sjå ho bakanfrå. Det var slitsomt det å skjule seg slik at ho ikkje skulle bli sett.

No vart ho slått medan ho kledde av seg - ho visste utgangen på det - alle visste det.

Her vart ho med eitt lik dei andre, like naken. Ho skjemtes, ho hadde aldri vist seg naken for nokon, ho hadde aldri turt det. No kjende ho seg fri med eitt- no var det verre å ta av seg skautet, da vart ho verkeleg naken, ho følte soldaten kunne sjå tankane. Trassig stilte ho seg opp.
Ho lot soldaten sjå, ho skulle aldri elske etter dette, ho skulle aldri føde, så ho lot han sjå. Han skulle sjå kva han skulle drepa.

Januska kjempa med kjenslene, her skal ho døy, og han skal sjå. Men kroppen var hans no, den ho skjemtes for. Han tok over no, og ho stirra på han, drep meg berre du ditt svin - du tek dei som er finare enn meg, så berre drep.

Ho hadde alltid ønskt seg ein florlett sommarkjole, ein slik som føygde seg etter kroppen og ein slik som mest var gjennomsiktig. Men ho hadde aldri våga - det var for mykje å skjemmast over.

Det er yr i lufta alle frys, berre ikkje Jannuska, ho kjenner seg varm, ho veit ho skal døy, og no sekunder før er ho naken og varm.